Toralv Øksnevad
Toralv Øksnevad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. januar 1891 Høyland |
Død | |
Yrke | journalist, radioprogramleiar, redaktør, politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Venstre |
Medlem av | Unge Venstre |
Toralv Øksnevad (13. januar 1891–31. juli 1975), fødd i Høyland på Jæren, er mest kjend som «Stemma frå London» under den andre verdskrigen. I tida frå januar 1941 til mai 1945 var han den fremste radiotalaren i British Broadcasting Corporation (BBC) si norske sending. Øksnevad er rekna som grunnleggjar av moderne nyhendeteneste i Norsk rikskringkasting (NRK).
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Øksnevad sin familie flytta til Bergen medan han var barn, og i oppveksten var han sjef for Dræggens buekorps.
I 1912 vart han tilsett i Dagbladet. Frå 1914 til 1916 var han leiar for Unge Venstre, og ein periode på 1920-talet var han leiar for Oslo Venstre. I åra 1927–33 var han redaktør for Romsdalsposten. Perioden 1931 til 1933 var han varamann til Stortinget for byane i Møre og Romsdal. Han vart tilsett i NRK frå starten hausten 1933, og var leiar for nyhende- og aktualitetsavdelinga frå 1937 til 1961. I desember 1940 vart Øksnevad kalla til London for å ordna regjeringa sitt tilhøve til BBC. Han vart sett til å vera leiar for dei norske sendingane i BBC, frå 1944 med tittelen «midlertidig riksprogramsjef».
Frå september 1941 var det ulovleg å høyra på radio i Noreg, om ein ikkje var medlem av Nasjonal Samling (NS). Forbodet var meint å skulle gjera slutt på at folk høyrde propaganda frå London. Trass i dette lurde mange vekk radioapparat, og «Stemma frå London» sette mot i mange.
Familie
[endre | endre wikiteksten]Toralv Øksnevad var bror til Reidar Øksnevad. Toralv Øksnevad gifta seg med Amélie Semb i 1914, og dei fekk mellom anna dottera Kari. Kari Øksnevad gifta seg seinare med filmskaparen Arne Skouen.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Dahl, Hans Fredrik: Hallo-Hallo! Kringkastingen i Norge 1920–1940, Oslo 1999. ISBN 82-02-18478-9
- Dahl, Hans Fredrik (med fleire): Norsk krigsleksikon 1940–45, Oslo 1995. ISBN 82-02-14138-9 Nettversjon Arkivert 2004-11-22 ved Wayback Machine.